Eit alternativ ved val til bispedømeråd og
kyrkjemøte («kyrkja sitt storting») i Den norske kyrkja.

Eit alternativ for deg når du skal røyste!
Previous slide
Next slide

Kva er «KYRKJA  FOR  ALLE»?

Kvart fjerde år er det val til dei ulike organa i kyrkja: Sokneråd, bispedømeråd og kyrkjemøte / «kyrkja sitt storting». (Dei som vert valde til bispedømeråda, er automatisk medlemmer i kyrkjemøtet.) Vala vert halde på same tid som val til kommune- og fylkesting.

Ved røysting til bispedømeråd (og kyrkjemøte), er det fleire ulike nomineringsgrupper (og eventuelt ein eigen nominasjonskomité), som etablerer kvar sine lister i det enkelte bispedøme. «KYRKJA  FOR  ALLE» er ei slik nomineringsgruppe. Vi ønskjer å sette opp liste i alle bispedøma. Listene skal ha lokal forankring. Dei som står på listene må forplikte seg på kortprogrammet vårt (basisprogram), sjå punkt 2. Programmet vil bli supplert med aktuelle saker frå det lokale bispedømet.

For soknerådsvala vil det sittande soknerådet i utgangspunktet oppnemne ein nominasjonskomité for dette valet. Nominasjonskomitéen set opp ei namneliste med aktuelle kandidatar. Her vert det røysta etter gitte reglar på dei personane ein vil ha inn i soknerådet.