Kva står «KYRKJA  FOR  ALLE» for? Vårt kortprogram

Vår visjon:

«KYRKJA  FOR  ALLE» vil medverke til at Den norske kyrkja skal vere ei samlande folkekyrkje med brei oppslutnad, og vert utvikla med eit breitt demokrati inn i framtida.

Vårt overordna mål er at:

Den norske kyrkja skal vere ei samla og samlande kyrkje til tross for ulike syn på kyrkjepolitiske spørsmål. Den norske kyrkja skal være eit trussamfunn som møter alle menneske med openheit, tillit og respekt, grunnfesta i trua på den treeinige Gud og evangeliet om Jesus Kristus, slik det er uttrykt i Den norske kyrkja sitt læregrunnlag.

For å nå disse måla vil «KYRKJA  FOR  ALLE» legge til grunn følgjande kortprogram / basisprogram:

  1. Den norske kyrkja si forkynning bygger på den evangelisk lutherske lære. Vi vil stimulere og legge til rette for kyrkja si forkynning av den sentrale og grensesprengande bodskapen om Guds kjærleik som er størst av alt.
  2. Det skal vere teologisk breidde i forkynninga, slik at det opnar for dialog mellom ulike teologiske standpunkt, og i ordningsspørsmål. Samstundes skal kyrkja sitt klare misjonsansvar bli understreka, og forvalteransvaret skal haldast høgt.
  3. Vi vil ikkje ha omkamp i teologisk funderte ordningar i Den norske kyrkja (f.eks. likekjønna vigsel). Vi vil arbeide for ein brei og stabil profil av kyrkja (i f.eks. liturgiske ordningar og organisering), der vi søkjer størst mogeleg samling og oppslutnad om sentrale løysingar. Vi vil aktivt dempe eit potensielt konfliktnivå i kyrkja. Ulike teologiske tolkninger kan snarare bidra til eit mangfald enn til splitting. Vi vil ha respekt for ulike syn, og er opptatt av det sentrale i teologien, meir enn av enkeltsaker.
  4. Den norske kyrkja skal vere ei inkluderande kyrkje der alle uansett bakgrunn, alder, kjønn, politisk tilhøyrsle, seksuell legning, sosial status eller funksjonsevne, skal kjenne seg heime, ikkje bli krenka, men bli mottatt av kyrkja med glede, forsoning, omsorg og varme.
  5. Når det ikkje er gudstenester eller kyrkjelege handlingar bør kyrkjene i størst mogeleg grad vere opne, med vakt / personell til stades.
  6. Den norske kyrkja skal vere ein sterk og aktiv kulturberar både lokalt og sentralt.
  7. Den norske kyrkja skal vere aktivt med i samfunnsdebatten, særleg når det gjeld diakonale -, omsorgs- og forvaltarspørsmål. Vi legg til grunn FN sine berekraftsmål (utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane).
  8. Demokratiet i Den norske kyrkja skal bygge på soknet som kyrkja sin grunnpilar.
  9. Sokna skal settast i stand til å drive motivasjonsarbeid for eit aktivt liv, med nye fellesskap, særleg retta mot familiar og unge.
  10. Den norske kyrkja skal vere ein god arbeidsgjevar, og sikre aktive, inkluderte og engasjerte medarbeidare. Den norske kyrkja skal dessuten fremje frivilleg arbeid i kyrkja og i sokna elles.
  11. Vi vil søkje langsiktige og praktiske løysingar for organisering og økonomiforvaltning av Den norske kyrkja.
  12. «KYRKJA  FOR  ALLE» vil stille lister til alle bispedømerådsvala i 2023

Dette programmet er vedtatt på vårt stiftingsmøte. Eventuelle seinare endringar vil skje på våre ordinære årsmøte, første gong innan 01.10.2022. Vi skal etter det arbeide ut eit meir detaljert program, og ta inn punkt med lokal forankring for kvart enkelt bispedøme.